Bnr. 3 + 5 Brennhaugen
Delt frå bnr. 2 Akslagjerdet, men har også lagt under gnr. 3 Reiten før 1894.
Trykk på denne teksten for å finne bruket på kartet
Paul Olsen Kvien(1825-1912), frå Vartdal, gifta seg med Christi Knudsdotter Festøy(2) (1817- 1880) i Ulstein 1846. Ho var uekte dotter av Knut Iverson Romestrand(3), som var brukar i Magerholmvika, Magerholm(2). Festøy-namnet fekk ho etter mor si. Paul gifta seg opp att i 1885 med Pernille Syvrine Larsdotter Årsnes (1837-1902), frå Hjørundfjorden. Paul vart den første plassemannen på Brennhaugen. Dette var tidlegare eit heimeutmarksområde, og beitefelleskap mellom gardane Akslen og Magerholm. Det vart avvikla på 1850-talet, når fleire nye husmannsplassar vart oppretta i samme område. Tunet låg opphaveleg på nordsida av Hjellhaug- vegen, mot steinura frå nakkane, tettare inn mot ein hammer. Tunet vart flytta etter eit steinras, der ein diger kampestein kom ned ura og enda på tunet. Den er framleis mogeleg å sjå oppe mot skogkanten. Flyttinga kom etter dottera tok over. 1865 hadde dei 4 kveg, 2 får, 1/4 tønne bygg, 1 1/4 tønne havre og 1 tønne potet, men ingen hest. Paul var husmann i heile tida han dreiv plassen.
a) Karen Hansine f.1850 tenar i Torevågen, Eikenosvåg(1) 1865.
b) Oline Elisabeth 1853-1918 1898 g.m. Peder Andreas Eriksen Dale, Fræna. Brukar Kiperberg(3), Sula. Fekk 1880 dottera Petra Marie Kristine med tenestegut Hans Martinus Madss. Heltne.
c) Else Caroline 1856-1938 tok over bruket.
Svigersonen Johan Knudson Alvestad(6) (1857-1934) kom frå Haram. Han var avhaldsmann, murar og fiskar, attåt gardsdrifta. Johan gifta seg 1881 med Else Caroline Paulsdotter Akslen(3+5) (1856- 1938). Ho døydde som enke på Svinøya, der broren Peter hadde busett seg. Johan hadde ein stor jordbæråker, på den andre sida av den gamle bygdevegen til Magerholm, i dag kalla Hjellhaugvegen. Det var om lag der det eldste tunet til Brennhaugen låg tidlegare. Han konstruerte eit stort fugleskremsel med snortrekk over vegen til huset. Det var kledd opp som ei trollkjærring, og laga eit voldsomt lurveleven, når ein drog i snora. I 1924 reiste dei til Amerika for å besøke eldstedottera Kristine i Seattle. Dei dreiv bruket frå 1884 til 1929 I deira tid vart frukthagen ved det nye tunet planta.
a) Kristine Karoline f.1880 Ugift tenestejente, Brunvold(3) i Sandøy 1900. Utvandra til Seattle, Washington etter 1900.
b) Emma Petrikke f.1882 ugift tenestejente på Stølen, Sandøy 1900.
c) Adolf Olaus f.1884 utvandra 1903 til USA via Trondheim, til søskenbornet Olaf Anton Ellingsen Nygard,Veddegjerde(6) i Seattle.
d) Pauline Severine 1887-1894 døydde av hjernekrampe.
e) Ragnhild Olivia Mathea 1890-1894 tvilling.
f) Oline Inga 1890-1891 tvilling. Døydde av engelsksyke.
g) Ole Ingvald f.1893
h) Johan Edvin Paulus f.1897
Andreas Martinus Johan Karlsen Hesseberg(1) (1887-1967) kjøpte bruket, etter ei tid i Amerika. Han gifta seg 1929 med Petra Anna Marta Nikoline Sivertsdotter Nilsen (1908-2000), frå Ålesund. Andreas var i alle år ein ivrig fiskar, og særleg dyktig til å fange storkveite. Han kjøpte seg ny naustplass frå enka på Ytrebøen/ Paraten inne på Magerholm i 1931. Petra dreiv garden lenge, etter Andreas fall frå. Ho var av dei siste som setra på fjellet. På 1980-talet var det mest sauehald. Andreas og Petra var særs gjestfrie, og det gjekk gjetord i bygda om selskapa inne på Brennhaugen. Ho gav også betydeleg økonomisk støtte til lag og foreiningar i bygda, og kjøpte alltid mykje lodd.
a) Alfred Perry 1930-2001 tok over bruket.
b) Karl «Kallen» Johan 1933-2007 1960 g.m. Irene Hareide (f.1939). Arva huset til tanta, 012e Karen Hesseberg, frå Nerigar 1964. Busett Nylandvegen 17 i Spjelkavik frå 1935.
c) Sverre f.1938 tok over bruket seinare
d) Reidar f.1940 1968 g.m. telegrafist Liv Bruhaug, Bardu, busett i Verdal.
Broren Sverre Hesseberg (f.1938) bygde seg i 1962 hus på nordsida av gamlevegen til Magerholm, om lag der tunet på Brennhaugen, og postvegen frå 1809, opphavleg låg. Tunet vart flytta til andre sida av vegen, etter at eit stor stor steinblokk løsna i fjellsida og kom heilt inn på tunet. Den er godt synleg ved utmarksgjerdet framleis. Murane til postvegen er også synleg. Dei ligg austover frå hagen, mot Krissenbrauta. Sverre gifta seg med 327a Oddhild Kirsten Karlsd. Østrem (1939-2005), frå Midthaug, Østremsreiten(4). Sverre selde huset sitt til Andreas Hjelme i 2007, og flytte til eldstedottera si ved Midthaug, eller Veahaugen, som området ofte vert kalla på folkemunne.
a) Berit Irene f.1958 1977 g.m. Per Ove Hjelme frå Flisnes, busett på Veahaugen.
b) Arne Per f.1959 busett Thailand.
c) Marita Kristin f.1963 busett Remvika.
d) Svein Ove f.1965 1997, g.m. Wenche Hovde, busett på Emblem.
Nevøen til Sverre, Johnny Hareide (f.1957), tok 2009 over den delen av bruket som vart liggande på sørsida av gamlevegen. Han var i mange år keeper for bygdas A-lag i fotball. Johnny er maskin- entrepenør og har bygd seg nytt hus saman med Gerlinde Marianne Gehnen (f.1962), der tunet låg tidlegare. 2016 kjøpte han ut onkelen, Reidar, som hadde hyttetomt på garden, like ved huset til broren Sverre Hesseberg.
a) Nina Hareide f.1986 ugift, busett i Bergen.
b) Sindre Stiauren f.1991 2017 g.m. Maren Ysland, busett i Lensvik, Trøndelag.
c) Ida-Helen f.1994 sambuar med Mikal Sætremyr Fylling, busett Ålesund.
d) Jenny Sofie f.1996 saman med Solveig Thunhold Hatteberg, busett Ålesund.