BNR. 9 AUREGARDEN
Kanskje i tydinga Øvregarden/øvste garden før 1840
Rasmus Olson var brukar frå 1603 til 1620. Han vart dømd 1610 til å betale 7 riksdalar, for knivstikk i skuldra på
Endre Akslen i Høla, Akslen(4). Rasmus hadde ei flaumsag, som han skatta for 10 til 15 bord i årleg avgift. Han var også innrullert soldat under Kalmarkrigen.
1620 var det ein Lauris som tok over. Han bygsla bruket fem år, til 1625. Meir veit ein ikkje om han.
Erik Ingvaldson Er den tredje brukaren, som kan knyttas til garden i nyare tid. Han dreiv i åtte år til 1633.
Knud Pederson (f.ca.1595) er den første som ein veit omtrent fødselsår på. Han sat lenge som brukar på garden, frå 1633 til 1680. I 1658 hadde han hest, ukse, 6 kyr og 6 geiter.
Ole Ingebrigtson (ca.1646-1720) dreiv garden frå om lag 1680 til 1705. Det må ha skjedd noko spesielt i 1720, for han vart gravlagd samstundes med kårfolket Ingvald og Malene i Sjursgarden, og Marte Arnesdotter Emblem. Det er enno ikkje heilt sikkert kva gard Marte, på 52 år, kom frå, og vi veit ikkje sikkert kven Ole var gift med. Kanskje var det Marte.
a) Knut Ols f.1677 innrullert i marinen 1701.
b) Ingebrigt ca.1678-1755 tok over bruket.
c) Jens f.1682 innrullert i marinen 1704-1709.
d) Ole f.1688 tenar i Steffågarden 1701. Innrullert for bonden Jon i Emblemsvågen 1704, og i marinen 1719.
Sonen Ingebrigt Olson Emblem(9) (ca.1678-1755) var først tenar på Giske, og så innrullert matros i marinen 1701. Han gifta seg 1710 med pige Anne Erichsdotter d.y. Hesseberg(2) (d.1713), frå bruket Oppigar, Hesseberg(2). Ho vert her kalla «den yngre», slik at ho ikkje skal forvekslast med søstera, som gifta seg med Aslach Aslachson Røssevold(5). I arveskiftet er det nemnd 3 kyr, kvige, ukse, 7 geiter og 6 sauer. Ho hadde ein god del klede. Det var blå stakk, raud kledestakk, svart stakk, svart kledetrøye, snøreliv med raude ermar, svart vadmelstakk, svart vadmeltrøye, grønt forkle, kvitt linlerretforkle, eit par hoser og eit par sko. Klesoversikta gjev eit interessant bilde av kva slags klede som vart nytta på dei større gardane på den tida. Ingebrigt gifta seg om att etter 1713 med ei ny Anne Erichsdotter (ca.1686-1749). Kvar ho kom frå er usikkert.
a) Anne dp.1712-1787 tok over bruket.
b) Ole dp.1725-1785 1756 g.m. Malene Gregoriusd. Røssevoll(1), som var enke i Sjursgarden, Emblem(11).
Dottera Anne Ingebrigtsdotter Emblem(9) (dp.1712-1787) forlova seg 1736 med ungkaren Jens Sivertsen (ca.1717-1786). Ved forlovelsen er Anne nemnd som «besovet», og begge kalla «Emelem» til etternamn. Det er godt mogeleg at det er Jens Sivertson Rødsethatlen (dp.1717), frå Framigar, Eikenosøydegard(3), ho gifta seg med. Dei tok over først halve garden, og så resten i 1750. Det var etter att Ingebrigt vart enkemann for andre gang. Dei dreiv Auregarden til 1766. Jens nytta samme løysing og delte garden med eldstesonen heilt til 1788. Då tok bornebornet over heile Auregarden.
a) Ingebrigt dp.1736-1791 tok over bruket.
b) Peder dp.1739-1817 1) 1776 g.m. Eli Olsd. Gjævenes(2). Ho døydde i barsel.
2) 1794 g.m. Elisabeth Olsd. Straume(4) (1758-1832), brukar «Nesbø», under garden Gjevenes.
c) Jon dp.1741-1803 1770 g.m. Brite Jonsd. Aarsnes, Hjørundfjord, brukar Solevågseidet(IIa). Søster til Brite, Janeche, vart gift med Lars Peders. Emblem(1) i Negarden. Jon er nemnd som enkemann og tenar i Vegsundet 1801.
d) Sivert 1744-1780 forlova med Ragnille Davidsd. Stadsnes, brukar Remvik. Sivert døydde i Remvika, kun 36 år gamal.
e) Anne dp.1747-1768
Sonen Ingebrigt Jensson Emblem(9) (dp.1736-1791) gifta seg 1766, med Birte Olsdotter Øye(1) (dp.1745-1803), frå Skodje. Dei tok over halve bruket i 1766, og dreiv fram til 1788. Ingebrigt tok aldri over bygsel på den andre halvparten frå faren. Bruket vart samla igjen først i 1788.
a) Anne Karen dp.1767-1790 ugift.
b) Iver-Andreas 1771-1825 tok over bruket.
c) Lisbet dp.1773 1799 g.m. Knut Knudts. Grimstad(1), brukar Ratvik 1799- 1802, halve Olsvik(1) 1802-1804, og til slutt Nordigaard, Ålesund. Han døydde der.
d) Ane dp.1778 var kanskje tenar, Ytre Hatlen 1801, og tenar Auregarden, Emblem(9) i 1803.
Sonen Iver-Andreas Ingebrigtson Emblem(9) (1771-1825) tok over heile bruket 1788, og dreiv fram til 1807. Han gifta seg i 1793 med pige Eli Olsdotter Fauske (f.ca.1755). Det skal ha vore Iver, som fann eit skrin med sølv i ei røys på Ystebøen. I følge ei muntleg overlevering, tok han skrinet med til Bergen, utan att det vart så mykje finnerlønn. Oldebornet, Lars Knudson Emblemsvåg(1), fortalde at det var ei oval trekiste, også kalla «bombe med tønneband», omlag 22 tommar brei, med anten pengar eller sølvsaker i. Det hadde vore armod på garden tidlegare, men så vart der ei brå endring til det betre. Faren til Lars var sikker i si sak, og tok vare på kista, på gardsbruket sitt i Emblemsvågen.
a) Carolus dp.1794-1794 døydde halvt år gamal.
b) Ingebrigt Carolus dp.1796-1866 1834 g.m. Karen Knutsd. Emblemsvåg(1), brukar Knutgarden, Emblemsvåg(1).
c) Bernt Andreas dp.1800-1866 1) 1827 g.m. enka i Ebbegarden, 6065 Ivarina Pedersd. Lille Nørve(4), brukar Ebbegarden, Emblem(8).
2) 1849 g.m. enka 1118 Ragnhild Caroline Andersd. Dragsund, frå Herøy. Ho var tidlegare gift i Olevågen, Eikenosvåg(2). Han flytta som enkemann til Ålesund om lag 1865, og døydde der.
Ole Eliasen Årset (ca.1772-1850) vart fødd i Ulstein prestegjeld. Han gifta seg 1808 med Marte Olsdotter Holen(3?) (ca.1778-1847), opphaveleg fødd Vågnes. Dei dreiv bruket frå 1807 til 1839.
a) Henning Christopher dp.1811-1813 døydde 2 år og 6 veker gamal.
b) (Henninge) Thomasine Christine 1815-1900 tok over bruket.
Svigersonen Lars Martinus Knutson Giskeøygard(3) (1814-1863) gifta seg 1839, med (Henninge) Thomasine Christine Olsdotter Emblem(9) (1815-1900). Han var kausjonist for Johan Gunderson Vik i Høla, Akslen(4). Johan klarte ikkje å betale for seg, så då vart Lars eigar i Høla også. Han fekk skøyte på garden der 1848. 1856 kjøpte Lars Auregarden frå Knut Knutsen Giskeødegard, og vart første sjølveigaren på bruket. I 1863 hadde Auregarden like stor avling og buskap som Ystebøen, Emblem(5).
a) Olave Marie 1840-1892 1863 g.m. Sevrin Edvard Ols. Kolvik(3), brukar Kolvik(3) Ålesund. 1900 var sonen, Knud Leonhard, pleieson på kårbruket Myrane, Emblem(13).
b) Karen Helene 1842-1927 tok over bruket.
c) Knut Olaus 1845-1845 døydde 4 veker gamal. Heimedøypt.
d) Knut Olaus 1846-1909 ugift lærar på Åse, og den andre organisten i Borgund kyrkje. Han flytta etterkvart heim til Emblem. Han eigde Skorene der.
e) Charlotte Marie Severine f.1850 1882 g.m. Iver Elias Voldsdal(1), brukar Voldsdal(1).
f) (Lisa) Lovise Thomassine. 1854-1936 1879 g.m. Knut Laurits Hans. Akslen(1), brukar Øvste- Aksla, Akslen(1). Ho fekk 1876 dottera Laura Charlotte Petrine med dreng Johan Bærent Nils. Giske(7)). Laura 1907 g.m. Hagbart Olaf Kristoffersen. Dei vart foreldre til Thomas Kristofersen, som var bestyrar på Akslabuda seinare. Han var også bussjåfør for Emblemsruta,
g) Ole Martinus Nikolai 1858-1952 tok over bruket seinare.
Dottera Karen Helene Larsdotter Emblem(9) (1842-1927) gifta seg 1869, med Tomas Karolus Clausson Magerholm(1) (1846-1907). Dei dreiv Auregarden til 1892, og fekk delt frå Myrane, Emblem(13), som kårbruk. Sjå meir om dei
Broren Ole Martinus Nikolai Larsson Emblem(9) (1858-1952) tok over garden i 1892. Han gifta seg 1886 med Martha Eline Eliasdotter Giskeøygard(2) (1863-1948). Dei dreiv bruket til 1936. Ole kjøpte også Negarden i 1928 frå banken, på vegne av si eldste dotter, Thea, og svigersonen Martinus. Ole var også aktivt med i styre og stell. mellom anna i politikken.
a) Thea Hansine Karoline 1886-1979 1917 g.m. Martinus Jakobus Knuds. Emblem(6+7). Dei flytte til Negarden, Emblem(1) i 1928
b) Petrine Karoline 1887-1972 ugift, busett i Ålesund. Ho budde på Skorene med Oline, når ho tidvis vitja heimbygda. Kalla seg Petra i alle år. Ho er gravlagd saman med foreldra.
c) Oline Birgitte 1890-1976 1920 g.m. Karl Oluf Ingvald Ivers. Nedregotten(2). Busett på plassebruket Skorene, Emblem(10), under farsgarden Auregarden, Emblem(9).
d) Laura 1894-1927 1918 g.m. Lars Thomas Hanss. Akslen(2), busett som brukar på Myrane, Emblem(13), som var kårbruket til Auregarden. Han gifta seg opp att, kjøpte «Gjerdet», Østremsreiten(3), og vart brukar der. Sjå meir om dei i tekstane om Myrane, Emblem(13) og Gjerdet, Østremsreiten(3).
e) Lars Kornelius 1897-1952 tok over bruket.
f) Oskar Emil 1902-1995 1931 g.m. Lovise Karoline Jakobsd. Akslen, frå Stigeplassen, Østremsreiten(2). Disponent for «Emblemsbygda Billag». Seinare brukar på både Skorne, Emblem(10), og på Myrane, Emblem(13), begge plassane var skilde frå Auregarden.
Sonen Lars Kornelius Olson Emblem(9) (1897-1952) gifta seg med Karoline «Aure-Lina» Olea Larsdotter Emblemsvåg(1) (1904-2000), og tok over bruket 1936. Han dreiv garden heilt til han døydde, som følge av ei ulukke i 1952. Lina sat i uskifta bu til 1963. Ho overlet bruket til sonen.
a) Ola Martin (1929-2022) 1962 g.m. Inger Johanne Stamnes frå Strinda. Bygde eige hus v/ bruket. Han var lensmann i Borgund og Sula.
b) Leif Karsten f.1930 1953 g.m. Hjørdis Johanne Grytten, bygde hus på bruket.
c) Leon Aksel f.1932 tok over bruket .
d) Magnhild 1936-2012 1958 g.m. Knut Johan Møgster, bygde hus på bruket. Han var havneinspektør i Ålesund.
e) Astrid Marie f.1938 1961 g.m. Magne Berge, Eidsdal, busett i Sykkylven. Ho fekk også eiga tomt frå farsgarden, slik som søskena sine.
Sonen Leon Aksel Emblem(9) (f.1932) tok over bruket 1963, og gifta seg 1959 med Kari Kvamme (1931-2010), frå Kvamsøya, Sande. Han arbeidde som lastebilsjåfør i Borgund kommune, attåt gardsdrifta, som så manga andre av gardbrukarane i bygda. Han utmerka seg i barne- og ungdoms- arbeidet, med ansvar for mellom anna søndagskulen på Emblem, saman med Karl Flydal, etter eit år på bibelskule. Leon starta også opp tilbodet for dei eldre borna med «Gutelaget Morgonrauden». Han har vore med i Emblem Kristlege Mannskor frå starten og er kjend som ein dyktig løfsebakar.
a) Lars Kjetil f.1960 tok over bruket.
b) Per Kåre (1962-2024) 2000 g.m. Silveria (Lonie) Alqueza Secares, busett Grindvika på Skodje.
c) Dagfinn Asbjørn f.1967 1998 g.m. Jorunn Helen Emdal frå Stranda, busett Emblem.
Sonen Lars Kjetil Emblem(9) (f.1960) er gift med Elisabet Rasmussen, (f.1963) frå Volda. Dei tok over Auregarden i 1997, ved sidan av arbeidet for «Norsk Luthersk Misjonsamband». Han er forkynnar, og ho har mellom anna vore barne- og ungdomsarbeidar i NLM. Elisabeth er no kontorarbeidar.
a) Daniel Bemar f.1998 går på bibelskule i Tromsø.
b) Andreas Joshua f.1999 busett Emblem.