Bnr. 3 HATLEBAKKEN
også kalla «Kallusgarden»
(Hans) Magnus Siverin Iverson Nedregård(III) (1826-1912) var bror til husmann Hans Lauritz Emanuel Iverson Nedregård(III), på Skorene, Emblem(10). Kanskje var det også slik han fekk delt frå sin eigen husmannsplass. Magnus gifta seg 1857 med Iverine Johanne Nilsdotter Giskegjærde(4) (1827-1901), frå Giske. Han er omtala som utflytta til Borgund kommune, frå Synnes på Vigra i 1857. Han fekk feste på plassen frå Negarden, mot ei årsleige på 1 speciedaler og 3 ort, samt 3 arbeidsdager. Dei fekk bruke negardshesten i 6 dagar, fri frakt av material til hus, og eiga nausttomt. Dei kjøpte plassen til sjølveige, saman med eit stykke frå Emblemsvågen etter 1863, men det gjekk ikkje så bra. I 1868 måtte Magnus selge bruket til broren, i bytte mot ei bygselskontrakt. Då hadde dei 2 kyr 4 sauer, 5 tønner havre, 10 tønner potet, og 12 skippund høy. Magnus dreiv plassen til 1900. Året etter døydde Iverine av lungebetennelse.
a) Johan Gregorius Elias f.1858 skomakardreng i Ålesund 1875. Drog til USA før 1900. Gifta seg der, men fekk ingen born.
b) Nicoline Marie f.1860 ugift tenar i Ålesund 1900.
c) Hans Lauritz f.1862 1900 g.m. Agnete Marie Eikenos. Var også skomakar. Dei dreiv halve garden saman med Andreas ei tid. Budde så på Agneteplassen under Hatlehol Indre, Hatlehol(1). Flytta så til Blindheim(55) i 1907. Der endra han etternamn til Blindheim.
d) Andreas Britanus 1864-1925 tok over bruket .
e) (Magnus) Joakim Lauritz 1866-1949 flytte til Oslo, skifte etternamn til Magnussen. Det er mange etterkommarar der. Han arbeidde 1917 som bakar.
f) Caroline Ovidie Gurine f.1869 var veverske, busett på Molvær 1900. Drog til USA, og San Fransisco 1907. Gifta seg ikkje.
g) Petrine Karen Lovise 1871-1960 1921 g.m. enkemann Johan Ivers. Furholm, brukar Furholmen, Eikenosvågen(3). Dei fekk ingen born.
Sonen Andreas Britanus Magnuson Emblem(3) (1864-1925) var skomakar, ved sida av gardsdrifta. Han gifta seg 1897 med Anna Olivia Knudsdotter Emblemsvåg(1) (1870-1926), frå Knutgarden i Emblemsvågen. Dei tok over Hatlebakken 1900. I 1910 hadde dei også ei pleiedotter på bruket. Det var Ragna Petra Emblemsvåg(1) (f.1907), som var brordotter til Anna.
a) Marie Inga Karoline 1898-1926 var ugift. Budde heime, døydde av tæring.
b) Klara Oline Nikoline f.1900
1924 kjøpte Alfred Gamst garden frå Andreas, for 9000 kroner og kårrett. Han vart truleg fødd 1884 i Hasvik, Børfjord. Han var ikkje eigar lenger enn eit år. Då selde han bruket vidare for den same summen til neste brukar.
(Ole) Tomas Olson Kaldhusseter(206e) (1868-1934) vart fødd i Tafjorden. Han gifta seg 1892 med Oline Karlsdotter Muldal(118a) (1873-1958), frå fjellgarden Muldal mellom Fjørå og Tafjord. Etter ei tid som forpaktar på Kaldhussetra, vart Thomas og Oline forpaktara på prestegarden Engeset i Norddal. Dei dreiv prestegarden i om lag 10 år, før dei flytte vidare til Emblemsbygda 1925. På same tid var det to familiar som flytta hadde til Emblem, frå bruk ved denne prestegarden. Karl Engeseth, kjøpte nemleg hovudbruket på Magerholm i 1924. Desse familiane vart knytta tettare saman, når Tomas si eldste dotter gifta seg med Severin, sonen til Karl, og fortsette å drive garden til Karl i Norddalen. Sjå meir om dette under hovudbruket på Magerholm.
a) Thora 1893-1978 1916 g.m. Severin Karls. Engeset, brukar Engeset, Norddal(318). Han var sonen til Karl Engeseth, som hadde kjøpt og flytta til Magerholm(1) året før. Severin hadde tatt over farsgarden i Norddal. Det var nabobruket til Paktergarden, der Thora vaks opp.
b) Petra Olivia 1895-1895 døydde av kikhoste på Kaldhussetra.
c) Olav 1897-1990 1923 g.m. Anna Pauline Ludolfsd. Dale, brukar Kaldhusseter.
d) Karl Martin f.1899 var fødd i Norddal.
e) Beate Kristina f.1901 drog til USA 1929.
f) Mathias f.1903 prøvde seg ei kort tid som kjøpmann på Elvarum, Emblem(15) etter at Lars Ols. Emblem hadde lagd ned drifta. Det gjekk ikkje så bra, og enda med tvangsauksjon på Hatlebakken, fordi faren hadde kausjonert for lånet.
g) Oskar f.1905 drog til USA 1926.
h) Peter Nikolai 1907-1986 tok over bruket.
i) Mons Albert 1909-1935 var ugift. Ein av pionerane ved oppstarten av Emblem Idrettslag.
j) Margit Kornelia 1912-1981 var ugift. Arbeidde mellom anna som kokke i Færingehavn på Grønland.
Sonen Peter Nikolai Kaldhusseter (1907-1986) fekk skøyte på bruket 1942. Han hadde gifta seg 1938, med Lida Camilla Østrem(2) (1907-1991) frå Larsgarden, Østrem(2). Peter deltok i mobiliseringa april 1940, og vart med I.R 11 mot Gudbrandsdalen, for å stogge dei tyske invasjons- tyrkane, saman med mellom anna svogeren Hans Østrem frå Larsgarden, Østrem(2).
a) Kari Oddbjørg 1939-2023 1958 g.m. Petter Andreas Strømme, busett Sykkylven.
b) Turid f.1943 tok over bruket.
Svigersonen Kjell Krohn Dalen, Dale(30a) (1939-2015), frå Norddalen, gifta seg 1969 med Turid Kaldhusseter (f.1943). Drifta vart etter kvart lagd ned i deira tid som brukarar på garden. Dei delte frå tomt i 1967, og bygde seg nytt hus ovanfor tunet, der foreldra til Turid framleis budde.
a) Oddbjørn f.1966 tok over bruket.
b) Ingrid f.1969 1996 g.m. Rune Hasund, busett i Olsvika.
c) Kjell Petter f.1976 2007 g.m. Marie Giske. Tok over huset huset til foreldra sine i 2005. Har nyleg seld huset og flytta til nytt hus i byggjefeltet Elvaberget nærare hovudvegen og Akslabuda.
Sonen Oddbjørn Dalen (f.1966) gifta seg 1991 med Synnøve Dahl. Han tok over garden, og pussa opp gamlehuset og løa. I 2009 selde dei bruket til neste eigar, og busette seg etter kvart på Skodje.
a) Tomas f.1993 er saman med Katrine Tvedt, Hordaland, busett Bergen.
b) Emil f.1995 er saman med Laura Schreiber, busett Ålesund.
Øyvind Grimstad Gryt (f.1979), frå Hareid, kjøpte bruket 2009. Han gifta seg 2006 med Julianne Skulstad (f.1985) frå Ålesund. Han har historieutdanning, og bakgrunn frå læreryrket. I fleire år var han medeigar i eit økologisk handverksbryggeri på Hareid. Dei restaurerte løa og bygde ny veg ned til garden. 2017 selde dei garden, og flytta til Hareid.
a) Gudmund f.2010
b) Gulliver f.2012
c) Alva f.2015
Bruket vart seld vidare til Julianne sin bror, Robert Skulstad (f.1987) og Antonia Ertresvåg (f.1987) våren 2017. Dei er dagens grunneigarar.