Bnr. 7 Løvika
Delt frå bnr. 5 Steffågaren
Trykk her for å finne garden på kartet
Plassen vart rydda om lag 1891 av båtbyggjar Nils «Båt-Nils» Elias Rasmussen Løset (1841-1910) frå Volda, og kona Nikoline Simensdotter Kaldvatn (S) (1842-1929) frå Volda. Dei gifta seg 1869, og kom hit via Oshaugen, Emblemsvåg(3+4). Det finst ei rekkje historier om dei. Nikoline var visst særs nysgjerrig, så Nils måtte snu naustet i Emblemsvågen slik at ho kunne sjå alle som kom og gjekk frå båtbyggarverkstaden. Plassen vart skild frå Steffagaren sitt sjøstykke, og fekk bruksnummer 5 i 1891. Det vart då skyldsett til 15 skilling, seinare revidert til 23 øre. I Løvika bygde han båtane i løa. Her kunne han arbeidde lange dagar, og først gje seg ut på natta ein gong. Då kunne han finne på å ro seg ein tur ut på fjorden for å fiske, medan han song ein trall, i staden for å sove som folk flest. Dei fekk ingen born. Nikoline døydde på Borgund Gamleheim.
(Simon) Elias Karlson Nedregotten(4) (1876-1954) var 1900 maskinist og fyrbøtar i Øwregata i Ålesund. Han var bror til skomakar og telefonstyrar 582 «Rese-karl» Nedregotten på Hjellhaugreset («Myrvang 10»). Han gifta seg 1897 med Hanna Elisabeth Petra Henriksdotter Klammerholm (1876- 1906) frå Herøy. Ho døydde under midlertidig opphald på Elvemyr 4. Elias gifta seg på ny i Odda 1909, med Caroline Petrine Jensine Jakobsdotter Emblem(7) (1863-1930). I 1910 var han «smelter» på karbidfabrikken der. Elias fekk først skøyte på det meste av Løvika 1913. I 1919 fekk han kjøpe hovudhuset også. 1939 vart det heile seld på tvangsauksjon, når Ålesund K.F.U.M. kjøpte bruket til fast leirstad. I 1943 makta han å kjøpe attende garden. Speiderbevegelsen hadde lagt ned arbeidet under krigen, og det vart for dyrt å drifte ein gard attåt. Elias eigde garden til han selde den til neste brukar i 1949, 73 år gamal.
a) Elida Henrikke 1898-1993 1921 g.m. fyrbøter Otto Egede Lied i Ålesund, busett Ålesund. Fekk dottera, Anny, 1917 med Nils Lien, fødd Tysse i Samnanger.
b) Astrid Kaspara Vilhelmine 1900-1987
Truleg g.m. Ola Nysæther frå Nybergsund. Begge døydde i Tønsberg.
c) Elias Leonhard f.1903 tvilling, fødd i Ålesund. Nemnd i Ullensvang 1910.
d) Hanna Leonora 1903-1919 tvilling, fødd i Ålesund. Døydde av tyfus på Ålesund sjukehus.
e) Karl Erling Rudolf 1904-1929 pleieson hos farbroren 552 på Elvemyr 4, Nedregotten(4). Drog til USA, og tanta 550i Anna Rudd i Minneapolis 1924. Døydde som snikkar i Houston Texas.
f) Henrik Martinus 1905-1945 ugift. Emigrerte til USA 1927, registrert som Henry Lovik hos tanta 550i Anna Rudd i USA 1940. Innkalla til krigsteneste 1940. Døydde heime i Minnesota hausten 1945.
1949 kjøpte Eilert Smogeli (1909-1969), fødd på Krikane(70d) i Norddal, bruket saman med kona Margit Krohn (1907-1994), frå Halstad(120) i Norddal. Dei hadde gifta seg 1946. Sidan har bruket vore i den same slekta.
a) Sigrun 1947-2018 tok over bruket.
b) Eldrid f.1949 1980 g.m. Andre Rogerio Leite, busette seg i Løvika.
c) Mette f.1951 1978 g.m. Kjell Bæverfjord frå Sunndal
Svigersonen Jens Elias Ødegård (f.1944), frå Vatnehol(9), gifta seg 1968, med Sigrun Smogeli (1947-2018), Nedregotten(7). Dei bygde ny løe, og dreiv med mjølkekyr i tillegg til arbeidet hans som lærar på Nørve vidaregåande skule. Begge har vore aktive i lagslivet i bygda. Jens har mange år bak seg i musikklaget Gjallarhorn, og Sigrun har mellom anna vore speidarleiar i mange år. Ho er også ein av kunstarane bak det tova hovedkunstverket over podiet på Emblem Bedehus. Sigrun satsa meir på arbeidet som bildekunstnar i vaksen alder. Ho engasjerte seg i både kunstnarkollektiv i Ålesund, og kunstgalleri i Spjelkavik.
a) Bjørnar Eilert f.1969 tok over bruket.
b) Erlend Johan f.1971 2015 g.m. Torild Elisa Lundesgaard, busett Oslo.
c) Jarle Sigurd f.1973 2003 g.m. Tonje Merete Haugen, busett Eidsvik.
Sonen Bjørnar Eilert Ødegård (f.1969), Nedregotten(7) gifta seg 1998, med Marit Andersen (f.1974) frå Namsos. Dei budde ei tid i Kongsberg, før han tok over bruket 2004. Dei er dagens grunneigarar på bruket. Drifta er no lagd ned.
a) Kristina f.1999
b) Johanne f.2001
c) William f.2005