Bnr. 4 Elvemyr/ Myrane
Delt frå bnr. 3 Sirigarden, også kalla «Myrane»
Trykk her for å finne ut kvar plassen låg
Carl Elias Sivertson Framhus (152b) (1823-1884), frå Stranda, kom til Emblemsbygda via Apalset i Ørskog 1853. Han gifta seg 1858 med Anne Caroline Larsd. Hatlemark (1838-1907), frå Tusvik(2) i Sykkylven. Carl fekk skøyte i 1861. Jorda var då mest udyrka utmark, og Sirigarden sin nordvestre teig ved torvmyrane, mot grensa til matrikkelgarden Emblem. Carl tok med seg den eldste stova, som stod på tunet heilt til den vart reve hausten 2008. Stova vart kjøpt inne i fjordane ein stad, og gamal alt då. Plassen vart skyldsett til 14 skilling i 1867, og revidert til 17 øre 1890. Han er halvbror til naboen, (Carl) Sevrin Larsson Framhus på Elvemyr 8/Syvergaren. Det er mogeleg at Sevrin møtte si komande kone då han besøkte, eller kanskje hjalp, bror sin med å rydde denne plassen. Ein har nemleg fleire slike eksempel frå bygda på nettopp det.
a) Anne Severine 1857-1945 1887 g.m. enkem. Ole Britanus Ivers. Brandal, brukar Sæter(2).
b) Elen Christiane 1860-1935 1902 g.m. Sigurd Martinus Simons. Flatnes, busett Frydenlund, Blindheim(10). Vart fødd på Sjøholt. Fekk 1885 dottera Karoline Jakobine med Jonas Paul Hole, Ålesund. Ho arbeidde ei tid som renner på fabrikk i Langevåg.
c) (Gurine) Jacobine f.1862 registrert som 4 år i 1865-teljinga, etterlyst ved arveskiftet til onkelen i 1906. Det kan sjå ut som ho drog til Amerika.
d) Johan Lauritz Marthinus 1865-1953 fekk eit stykke med bror sin.
e) Ole Martinus 1868-1939 tok over bruket.
f) Lisa Petrine Olivie 1872-1928 1897 g.m. John Larson Rossevold i Camplain, Minnesota. Kom til Minneapolis, USA 1893. Kalla seg Alice. Flytta til Seattle 1913. Begge gravlagd på Evergreen Washelli Memorial Park, Seattle.
g) Simon Elias 1876-1954 1897 g.m. Hanna Elisabeth Petra Henriksd. Klammerholm, Herøy. Arbeidde først som fyrbøter i Ålesund. Vart brukar 567 i «Løvika», Nedregotten(7).
h) Karl Andreas 1878-1970
sjå også bruket «Myrvang 10»/Reset under Nedregotten.
i) Anne Mathea 1881-1956 truleg samme som emigrerte til USA 1901. 1905 g.m. Ole Rud, kalla seg Anna Rudd. Busett i Hennepin, Minnesota. Fleire av nevøane frå nabogarden Løvika reiste dit. Enke før 1940. Budde på samme stad heile tida frå 1910.
Enka Anne Caroline Larsdotter Hatlemark (1838-1907), frå Tusvik(2) i Sykkylven, gifta seg 1887 opp att med enkemannen Vilhelm Hansson Yterlandsvik (1818-1898), som flytta dit frå Hatlehol Ytre, Hatlehol(3). Dei dreiv plassen til Vilhelm døydde. Garden vart ikkje formelt overført til neste brukar, og fleire av sønene budde heime når ho døydde. Det vart seinare rettstvist om eigedomsretten til bruket. Det enda med tvangsauksjon, der sonen, Ole, fekk høgste bud på plassen.
Sonen Ole Martinus Carlson Nedregotten(4) (1868-1939) gifta seg 1899, med Antonie Hanna Larine Henriksdotter Klammerholm (1877-1913), frå Notø i Herøy. Ho kom til Nedregotten frå Herøy 1898 Dei fekk ingen eigne born, men tok til seg ein nevø som pleieson, frå broren, Simon Elias, i Løvika. Ole selde 1936 bruket til Borgund kommune, mot å få plass på Borgund Gamleheim. Det var kravet for å få alderspensjon og stell frå kommuna den gongen. Han lånte ut pengar til brødrene Elias og Karl. Då dei ikkje makta å betale attende, fekk han rett på inntekter frå bruka deira for 500 kroner. Det vart så rettstvist mellom dei tre om kven som kunne kreve eidedomsretten etter foreldra. Ole vann
a) Karl Erling 1904 pleieson og brorson til Ole. Sjå Løvika, Nedregotten(7).
Broren Johan Lauritz Martinus Carlson Nedregotten(4) (1865-1953) gifta seg med svigerinna, Elisa Petrine Karoline Henriksdotter Klammerholm (1874-1913), frå Notø i Herøy. Ho var søster til Antonie ovanfor, og i 1900 registrert som tenestejente hos ei anna søster, Hendrikke på Giskegjærde(8). 1915 gifta han seg om att med Oline Marie Rasmusdotter Østremsreit(2+3) (1879- 1947), frå Stigeplassen. Ho døydde av lungetæring. Johan vart ikkje med på rettstvisten mot broren, Ole. Han fekk 1934 delt frå 3 mål frå garden, og det nyaste huset. Avtalen var at han skulle få bo der så lenge han ønska det, men flytta han derifrå, skulle jorda leggast inn att under hovudbruket.
a) Karoline 1910-1912 døydde av hjernhinnebetennelse.
b) Karoline Brutva 1911-1912 døydde av lungebetennelse.
c) Karl 1915-1915 heimedøypt. Døydde same dag han vart fødd.
d) (Lisa) Elise Hansine Petrine 1916-2004 ugift. Busett på den delen av bruket som faren fekk bruke. Avtalen vart vidareført til å gjelde henne også.
Glasmeister Einar Anton Valdemar Joakimson Berg (f.1867) vart fødd i Veøy prestegjeld, ved Molde, og vaks opp i Ålesund. Han var glasmeister i 1885, og gifta seg 1891 med Petra Marie Severine F. Rodt (1865-1912). Dei budde 1900 og 1912 i Florø, der Einar var feiarmeister, vaktmeister, og vektar. 1912 døydde Petra av magekreft. Einar var då «sunhedsbetjent». Han flytte heim, og gifta seg 1914 med Lina Olsdotter Valdal(174c) (f.1883), frå Megarden i Valldal. Einar kjøpte i 1936 bruket for 4000,- frå Borgund kommune. 1939 fekk Lina bruket til særeige. Ho selde det i 1941, og det er mogeleg at ho vart enke på den tida, men dødsåret til Einar er enno ikkje funne.
a) Bernhard Nikolai 1891-1968 1915 g.m. 582a Sofie Petrine Nedregotten frå nabobruket Myrvang 10, busett Ålesund.
b) Joakim Karentius 1893-1893 døydde i første leveår.
c) Einardine Joakine f.1893 fødd i Florø. Ikkje nemnd i 1900-teljinga.
d) Emma Joakime 1894-1894 døydde i første leveår.
e) Palma Kaspara 1894-1984 g.m. Ole Karl Jacobsen før 1917, busett Ålesund.
f) Nils Henry 1897-1969 1937 g.m. Inga Petrine Søvik, busett i Ålesund.
g) Olufine 1906-1991 1928 g.m. Toralf Larsen Åmelfot, Ålesund. Lina si dotter med Ole Ols. Valldal. Busett i Ålesund.
Skipper Johan Andreas Jakobson Torvik (1884-1969) vart døypt og konfirmert i Vanylven. Han gifta seg 1907 med Marie Olava Olsdotter Løvik(1) (1887-1923) frå Volda. I 1910-teljinga budde dei på garden Gjøsdal, i Ulvestadbygda i Volda. Han gifta seg opp att med svigerinna (Elise/Lisa) Elisabet Olsdotter Løvik(1) (1901-1980). Sjølv kalla ho seg Elise. Det står óg på gravsteinen. Dei budde i Ålesund i tidsrommet 1917 til 1927, der borna vart fødd. 1941 kjøpte Johan og Elise Elvemyr 4, og fekk skøyte på bruket for kr. 4500 kroner.
a) John Andreas 1907-1972 1946 g.m. Kjellaug Storeide, gravlagd på Nørve, Ålesund.
b) Agnes Martha 1909-1996 1931 g.m. krigsegler Ivar Karls. Solbak, fødd på Sørnes(7).
c) Ole Magnus. 1912-1993 1945 g.m. Margaret Cooper frå Manchester i England. Var sjømann og krigseglar. Dei kom til Norge i 1947.
d) Ludvik Ingolf 1914-1934 fødd i Ålesund, døydde av tuberkulose.
e) Malvin Johan 1917-1998 1948 g.m. Thora Oline Nordstrøm. Han var krigseglar.
f) Solveig 1918-1943 innlagt på Kringsjå ca.1940. Døydde der av tuberkulose.
g) Maggy 1925-2012 1947 g.m. Knut Lauritz Akslen(1), brukar «Øvste-Aksla».
h) Martin Mork 1926-2004 tok over bruket.
i) Einar 1927-1999 ugift, busett på bruket.
j) Rut døydde som born.
Sonen Martin Mork Thorvik (1926-2004) tok over bruket i 1972 for kr. 12000,-, men budde der ikkje heile tida. Han var sjømann. Martin gifta seg 1950 med Elisabeth Antonsen (1918-1984), som også arbeide på sjøen. Sjølv kalla ho seg helst Lisbeth. 1953 fekk dei skøyte på gnr. 5 bnr. 17 «Nytun», frå Anna Østrem. Det var eit lite hus som i dag er utvida, og ligg ved innkøyringa ved skuleplassen til Emblem Skule. Martin selde huset i 1989. Broren Einar var ugift målar, og busett i den eldste stova på garden, før broren flytte attende. Martin selde bruket i 1996 til Berit Solnørdal i Guttormgarden, Nedregotten(2). Han heldt att ei bustadtomt, med bruksnummer 96.
Berit Solnørdal (f.1960), er brukar i Guttormgarden, Nedregotten(2). Ho hadde bruksrett frå 2007 til 2017, og rett til å skille ut tomter frå bruket. 2007 kjøpte Westre Distrikt a/s garden for 1,5 millionar kroner, med ti års begrensa rett.
Husa på tunet vart reve hausten 2008.