
Gnr. 12 Eikenosøydegard
Også kalla Puskeset, Øygarden og Ødegård
Garden ligg i eit dalsøkk lengst vest i Emblemsbygda, og er grensegard mot Blindheim. Den vesle elva som renn ned dalen vert kalla «Puskelva». Området har truleg hatt busetting svært langt attende. fem steinøkser er funne på garden. Fire av desse er funne i Ramsvika, nærare sjøen, og ei skaftholøks vart funnen i brattbakken mellom elva og gardsvegen, sør for stova til Peder Åkernes på Utigard. Funnet er omtala i Bergen Museum si tilvekstliste frå 1933. Gardsnamnet stammar truleg frå slutten av 1500-talet, når bruket vart rydda på nytt, under Eikenosa, etter Svartedauden. Den første eigaren betalte nemleg øydegardskatt, men kalla seg «Puskeset». Det er truleg eit enda eldre namn på bruket, som vitnar om at garden kan stamme frå vikingtida. Eikenosøygarden er med andre ord omtrent like gamal som Eikenosa. Puskeset-namnet vart stadig nemnd utover 16- og 1700-talet, og stadnamnet «Puskhola» er framleis i bruk. Det er vanskeleg å seie sikkert kva namnet stammar frå. «Pjuskete», i tydinga stakkarsleg eller stusseleg har vore nemnd, medan namne-granskaren Oluf Rygh hevda at det stamma frå det gamalnorske ordet Puki, som tyder «smådjevel». Det vart nytta som tilnamn på folk i middelalderen. Frå svensk kan ein også ta med betydninga «pukkel» eller «pukkelrygg». Den lokale namnegranskaren, Johan Krogsæter, har lagt til to nye tydingar frå tilsvarande namn i fylket vårt. Den eine er at det kan ha noko med hulder eller underjordiske å gjere. Det liknar også på tilnamnet smådjevel ovanfor. Den andre tydinga har han henta frå presten Hans Strøm. Det var visst slik at hestefolk måtte passe på at dyra ikkje åt eit slags skadeleg gras på veg gjennom «Pusken». Det kan minne litt om namnet til bruk nummer 2, «Ramsvika», nede ved sjøen. Åt kyrne ramslauk når dei beita der, sette det bismak på mjølka. Dyra måtte derfor passast på i det området. Kan det ha vore slik ved Puskeset også?
Der var kun ein brukar på Eikenosøygarden før 1640. Etter den tid vart garden delt i to like bruk, Utigard og Framigard. Kring 1760 vart den første husmannsplassen, «Hatlehol Ytre», nemnd under garden. Den var ein del av Eikenosøygarden heilt fram til 1890. Ramsvika vart delt frå kring 1830, mens Bjørkavollen vart skild frå Utigard i 1907. Bruk nummer 5 er i dag det bruket som ligg nærmast Blindheim. Det eldste tunet er truleg Utigard, og låg høgare enn dagens gamletun frå 1840-åra. Det skal ha lagt nær utmarksgjerdet. På 1960-talet var det framleis mogeleg å sjå merke etter murane. Om Framigard hadde husa sine der i byrjinga er uvisst, men staden har sikker vassforsyning og heiter framleis «Gamletuftene». Eit stykke der oppe vart også kalla «Løåkeren».
ELDRE OPPLYSNINGAR OM GARDSDRIFTA
1714: Brennfang.
1723: Brennved, «skov til fornødenhed». 2 små bekkekverner. Kornavlen årviss, men garden tungdreven. 1803: Nok skog brensel og beite.
1868: Litt fureskog og bjørkeskog til husbruk. Torv og ved. Bjørkelauv til fôr, ellers bra beite. Tungbrukt.
Dyrka jord 46 mål, natureng 133 mål, likt fordelt på dei to bruka .
Det eldste innmarksområdet vart rydda oppe i bakkane kring dei gamle tuna, for der var jorda betre drenert og lettare å dyrke. På flatene nærmare sjøen var der meir myr, noko som krevde meir arbeid. Fleire av desse områda vart derfor først drenerte i nyare tid. Flata der «Nextcar» nyleg bygde bilforretning, vest for «Ødegård Karosseri», vart dyrka opp og grøfta til inngjerda slåttemarksteigar på 1930-talet. I 1896 vart Eikenosøygarden del av utskiftinga i Emblems- bygda. Den vesle «Puskelva» delte Utigard frå Framigar, men der var unntak, slik at også Utigard skulle få del i den beste åkerjorda. Ein kjenner ikkje til teigblanding mellom dei to første bruka. «Byteelva» er ei anna elv, som går oppe i utmarka nordvest for heile Øydegarden og skil Blindheim frå Emblemsbygda i vest. Byteelva møter Puskelva i Kvernhusdalen, nedanfor dagens Hatlehol kyrkjegard. Mellom Hatlehol Kyrkjegard og Kvernhusdalen er der eit fossefall på 5-10 meter. Der hadde Utigard og Bjørkavollen felles kvern. Den var i bruk til 1929, og inntakt til begynnelsen av 1930-talet. Knut Ødegård minnest at han gjekk dit med mat til bestefaren, 1232 Johan Ødegaard, det siste året. Knut var då 6 år gamal. Johan samarbeidde då med 1215 Utigard-Jens, og dei var heilt kvite av mjøl. Der har vore kvernhus nærmare gardstuna, der Puskelva og Nordalselva møtest, før Jens og Ole bygde seg tømmersag i 1910. Saga vart eit poulært tilbod for mange i Emblemsbygda. 1233 Ole Ødegård, frå Framigard, fekk også bygge verkstaden sin der i 1912 for å utnytte vasskrafta, men i periodar med lite regn vart det ikkje nok kraft til å drive maskinene i snikkarverkstaden.
Utmarka til Eikenosøygarden har vore felles med resten av Emblemsbygda i eldre tid. 1890 vart det halde utskifting, og då fekk gardane eigne fjellteigar i staden. Garden fekk eit samanhengande stykke frå fjord til fjell ved grensa mot Blindheim. Brukarane har stort sett hatt nok skog til eige bruk, og dei leverte også trevare frå eiga sag på 1900-talet. 1233 Ole Ødegård, frå Framigard, starta det som kan ha vore den første snikkarverkstaden i Borgund 1912. Han starta også opp karosseriverkstaden i Puskhola. 1942 vart Brevhuset i Eikenosvågen flytta frå Torevågen til Bjørkavollen. Marie Bjørkavoll dreiv brevhuset frå kjøkkenbordet, som var tilpassa formålet, med skuffer til stempel og det ho elles behøvde. Posten vart på den tida levert med Emblemsruta og henta nede ved bilvegen, som låg litt nærmare tunet enn i våre dagar. Eikenosvåg Brevhus vart lagt ned 1965.
Kyrne vart gjerne mjølka sommarstid ved Bulegane, om lag der den øvste slåttemarka til Eikenosa ligg i dag, på vegen til hytta til ungdomslaget Ivar Aasen. Dyra vart ført opp til utmarka like vest for dette stykket mot tur- parkeringa, som ligg ovanfor Eikenostuna i våre dagar. Utigard og Framigard hadde først sommerfjøsar bygd inni steingarden mot utmarka. Dei vart brukte om våren, før det var nok beite på fjellet. Utigardfjøsen var der berre
restane att av på 1920-talet. Det kan kanskje skuldast endring i drifta, etter frådelinga av Bjørkavollen. Brukarane sette seg etter kvart opp enkle fjøsar i Seterdalen mellom Bjønnalogen og Røssevollvatnet. Utigard var først ute med sin fjøs. Der var ikkje berre fjøs for kyrne, men også rom for overnatting etc. i andre etasje. Seinare bygde også Bjørkavollen fjøs der oppe, og etter press fra budeiene, måtte Framigard bygge seg kufjøs i Setredalen i 1938. Framigar brukte sin fjøs til byrjinga på 1940-talet. Går ein lenger attende i tid, så må gardane ha hatt meir solid innkvartering. Lokale namn som «Bjønnalogen» ber bod om bjørn, som var ei plage fram mot midten av 1800-talet. Den la seg ofte ned opp under fjellhammaren på Eikenosa, og slo seg fleire gongar inn i fjøsen der. Bjørnen klarte også å komme seg gjennom taket for å drepe kviger, eller småfe, i Utigardfjøsen. 1232 Johan Rasmussen Ødegård (1853-1940) fortalde at det fortsatt var merke etter bjørneklørne i døra på 1920-talet. Sommartida overnatta kyrne på ei markslette ved Puskelva, i dalen ved Bjønnalågen. Eit gjerde vart sett opp frå Bjønnalogen, over dalen mot høgdene i nordvest, for å hindre at dyra kom ned att frå fjellbeitet. Det danna også eit skille mot skogen til Blindheim og fjellet. Der var også ein steingard som delte Blindheimsfjellet og Emblemsfjellet. Den gjekk frå ein fjellhammar i nordsida, av det ein kalla «Tuheia», til Geitnausa. Det var dette gjerdet som heldt kyrne på plass, men som sauene kom seg over. Dei vart derfor sendt innover til Ørskog på beite der, for dyra ville helst beite på emblemsgardane sine fjellbeite i staden.
EIGARAR
Rosenkrantz-godset eigde garden som vart kalla «Eikenoshol» i 1624. Etter dette fekk garden samme eigar som Emblemsvågen. Det var borgarmeister Rasmus Larsen i Bergen i 1645. Så tok sonen hans, Otte Rasmussen Stud, over før borgundpresten Kristoffer Hiermann kjøpte eigedommen i 1683. Neste eigar var Johan Finde i 1699. Jørgen Høgh vart eigar av Eikenosøygarden ved makeskifte med prost Peter Finde i 1721. Ole Honningdal kjøpte så garden for 122 riksdaler på auksjonen etter Høgh i 1771. Han selde Framigard til brukaren Halvor Jakobsen Emblemsvåg det samme året. 1771 kjøpte også Ole Olsen Gjøsundseter Utigard. Han skøytte bruket vidare i 1806 til Knut Olson Blindheim. Petter Hansen Riksheimgjerde vart neste eigar på bruket i 1837, og garden vart først seld til brukaren, Andreas Jensen, av etterkommarane til Petter i 1873. Resten av historiene om eigarane her kan du lese meir om under kvart enkelt bruk.