Kan dette bildet vere frå eit besøk oppe på Daleplassen for å slå "Nybrøtet" bak løa? Det kan i alle fall sjå ut som om forfallet har starta, med knust vindusglas. Det kan vere frå etter hausten 1927 ein gong.
Bildet tilhøyrer Åshild Magerholm Kvam
Magerholmdalen
Oppretta ved gamlesetra, kalla «Rognestølen». Plassen vart også kalla Ramsdalsgjerdet og Daleplassen
Knut Salvesen Tjugen(1) (dp.1777-1845) kom frå Innvik i Loen. Han vart kalla «Kol-Knut» på grunn av kolmilene, som husmenn ofte fekk starte opp som attåtnæring, for å produsere trekol for salg. Knut gifta seg 1809 med Barbra Olsdotter Loen(16) (dp.1781-1862), frå Nordfjord. Bygdeboka for Borgund fortel at han var den første husmannen her om lag 1830. Det er godt mogleg at det stemmer, i alle fall i nyare tid. Alle borna til Knut og Barbra vart fødd i Innvik, så dei kan i alle fall ikkje ha kome hit tidlegare enn 1826. Han var først plassemann på Solevågseidet, og deretter ein av fleire som forpakta Øvste-Aksla, Akslen(1), på to-års kontrakt, for Borgundpresten. Det var i tidsrommet 1820 til 1824, men det var høg leige, og to kårfamiliar å ta seg av, så det vart dårleg lønsemd på dette bruket. Sjå også brukar 213 der. Knut fekk seg vinterarbeid hos 111 Halvor Magerholm(1), på hovudbruket. Han arbeidde godt i lag med sonen, 121 Torkel Halvorson Magerholm(1), med både tømmerkøyring og fiske. Det var truleg slik han fekk feste på plassen, som til då vart kalla «Ramsdalsgjerde» i 1830. Den første tida budde familien i eit sel som stod att på gamlesetra, «Rognestølen», like ved. Årsavgifta var 2 1/2 speciedaler, noko som var dobbelt så mykje som dei fleste plassebruka i Emblemsbygda. Han hadde 6 pliktdagar på hovudbruket nede på Magerholm. Det vart mellom anna dyrka havre i Magerholmdalen. Dei kjøpte skog attåt, og fekk rett på eit tørkeberg for fisk ved Magerholmneset, aust for sjølve Magerholmen. Plassemennene hadde som regel 3-4 kyr og 10 sauer, så det vart ein del utkome av slått og beite i denne fjelldalen, men vegen opp dit var krevande. Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis dei klarte å bere opp tunge mjølsekkar, og anna som dei behøvde, langs den smale gamleråsa. Selet vart seinare flytta ned til hovudbruket og skulle brukast i lag med eit nybygd vasshjul på innmarka, men før vasshjulet skulle monterast, tok vinden taket i det og rulla det ned bakkane, der det gjekk i stykker. Selet vart etter 1910 seld til «Rese-Karl» på Myrvang 10, til hønsehus. Det står like ved Reset framleis.
a) Anna dp.1810-1851 1849 g.m. Nicolay Timothus Nicolaisen Spjelkavik- nes(3), brukar «Bigton», Spjelkavik(8). Han drukna.
b) Siri dp.1812-1895 tente ei tid hos eit eldre ektepar i Vanylven, og arva 400 speciedaler etter dei. Ho vart trulova på Vik i Sykkylven, og bygde seg hus for pengane, men han gifta seg med ei anna og overtok både huset og pengane. Siri tok det så hardt at ho visst miste forstanden. Ho sa stadig: «Fanten tok pengane mine, han tok pengane mine!». Ho døydde som ugift «fattiglem» på Grebstad i Sykkylven.
c) Berte dp.1813-1841
d) Randej 1819-1892 ugift. Døydde i Sykkylven. Tvilling. Tok over bruket.
e) Janiche 1819-1903 tvilling. Var tenar på Ekornes frå 1843. Fekk seg kjæreste, som ho skulle gifte seg med. Dei fekk 1853 sonen Severin Bastian Gregoriuss. Faren var Hans Johan Sevrins. Ekornes(1). Severin gifta seg med søsken- bornet, Berthe Caroline Knutsd. Magerholmdal, og vart brukar i Vegsundet, Vegsund(5).
f) Anna 1825-1902 ugift. Vart kalla «Kol-Knut-Anne». Fekk sonen Carl Andreas Håhjemsvik utenfor ekteskap. Han vart seinare brukar på Furstrand(2), Ørskog. Ho døydde på Furstrand hos sonen.
g) Petter gjekk i gullsmedlære Oslo. Gifta seg, og fekk ei adoptivdotter kalla Gudrun. Ho skreiv ofte brev til slekta i Magerholmdalen, men etternamnet er enno usikkert.
Dottera Randej Knutsdotter Magerholm(dal) (1819-1892) gifta seg 1845, med Ingebrigt Elias Larsson Emblem(2) (1818-1848), frå Garsendhaugen. Dei fekk berre tre år saman. No endra plassen namn attende til «Rognestølen», og Randej overtok husa som faren, Knut, hadde sett opp. Plassefolket hadde rett på ved og never frå «Svartevasslia», ved Svartevatnet. Saman med plassefolket, på Magerholmneset, fekk dei også hogge hatleskog til å produsere tønneband.
a) Petrine Randine Birgitte Bærentsd. f.1844 fødd på Magerholm. Faren Bærent Peders. kom frå Hole i Sykkylven. Flytta til Ålesund 1872 som tenar.
b) Karen Elina f.1846 1875 g.m. 6148b Knut Elias Martinus Magnuss. Emblem frå Magnusplassen. Målarmeister i Ålesund 1900.
Enka Randej Knutsdotter Magerholm(dal) (1819-1892) gifta seg opp att 1850, med Knud Sivert Jørgenson Mo(3) (1820-1887), frå Hjørundfjorden. Dei fortsette å drive plassen.
a) Jørgen Ingebrigt Karolus 1851-1933 1) 1879 g.m. Ingeborg Karoline Gurine Iversd. Veibust(2), som døydde på Reknes i Molde, truleg som spedalsk.
2) 1893 g.m. Anna Maria Arnesd. Rødsetbakken, Hareid. Jørgen døydde som kårmann på Larsgård(5).
b) Pernille Birgitte 1853-1853 døydde etter ein dag.
c) Peter Andreas 1854-1854 heimedøypt. Døydde 10 dagar gamal.
e) Peter Andreas f.1857 var 9 år gamal i 1865
f) Knud Andreas 1860-1949 tok over bruket.
Sonen Knud Andreas Knutsen Magerholm(dal) (1860-1949) gifta seg 1887, med Petrine Caroline Andreasd. Apalset(14) (1854-1946), frå Ørskog. Mor hennar var 463a Sevrina Petrina Rasmusdotter Østrem(4) frå Steinsgarden, Østrem(4). Han bygde ny stove. Frå før var der stabbur og løe med fjøs, i tillegg til hønsehus. Knud fekk tilbod om å kjøpe plassen, når hovudbruket skulle selgast, men borna ønska ikkje å ta over. Han kjøpte i staden ei lita bot, kalla «Nybrøtet», før dei flytta frå dalen i 1927. Då hadde han ein grunn til å kome ofte attende. Dei siste år hadde han leigd, 6053 Jakob-Knud til å pløge med hest. Dei fekk lov til å bu lenger i Magerholmdalen, men helsa til Knud hadde ikkje vore god det siste året. Petrine ville derfor ikkje bu der oppe ein vinter til. Dei busette seg hos svigersonen, 1233 Ole, på Framigar, Eikenosøygard(3), men lengta heile tida attende til dalen. Knud tok seg turar dit så lenge han makta det. Hønsehuset vart flytta til Myrvang 10, og er i dag uthus til Hjellhaugvegen 10, der huset til 583 Konrad og Olga Nedregotten(10) stod, før det vart totalskada i brann påska 2005. Eit nytt hus er no bygd på samme plassen. Knud og Petrine adopterte Inga og Jonas Longva, frå Ålesund. Dei var borna til Ole og Nikoline Longva. Nikoline var Petrine si niese, og døydde i 1905, når borna var to og tre år gamle. Det vert fortalt at Inga hadde ein hudsjukdom når ho var lita. Petrine bar henne to mil, til doktoren i Ålesund, to gongar i veka. I 1922 tok dei også til seg bornebornet Kåre Magerholm. Han budde hos dei frå han var tre til han vart sju år, og klar for å begynne på skulen. Faren, Knud, og mora, Nikoline, arbeidde nemleg begge på fabrikk i Spjelkavik.
a) Karoline Ragna 1888-1981 1917 g.m. 1233 Ole Laurits Gustav Johans. Ødegård(3), brukar Framigar, Eikenosøydegard(3). Foreldra flytte dit 1927. Ole starta både snikkerverkstad og karosseriverkstad på garden.
b) Andreas Sigurd Johan 1889-1918 kjøpte Hansgarden, Flisnes(1) som brukar 1314, etter ei tid i Amerika. 1917 g.m. Marie Pauline Martha Kolbensd. Rot(1) frå Vartdal. Han døydde året etter av Spanskesjuka. Enka gifta seg på ny i Barstadvika, Barstadvik(5).
c) Knud Peder Adolf 1894-1983 1919 g.m. 6029b Nikoline Olivie Birgitt Petersd. Emblem(5) frå Ystebøen. Han var fabrikkarbeidar og busett i Spjelkavika.
d) Jonas Joakim f.1902 kom vekk på Ishavet. Adoptivson. Foreldra var Ole og Nikoline Longva. Nikoline var niesa til Petrine.
e) Inga Nikoline 1903-1970 1930 g.m. Ingebrigt Nybø, busett Hovdebygda, Ørsta. Adoptivdotter. Foreldra var Ole og Nikoline Longva. Nikoline var niesa til Petrine.