
Hatleholen 1961 foto Ragnar Øverlid for Borgund og Giske Bygdeboknemnd. Nærmast til venstre er Hatlehol Indre, så Hatlehol Indre II i midten lengst mot høgre, og Hatlehol Ytre bak der igjen. Bildeeigar: Stiftinga Sunnmøre Museum. Du finn etter kvart fleire bilde i albumet under teksten på denne sida.
Bnr. 3 HATLEHOL YTRE
Delt frå gnr. 12 Eikenosøydegarden
Plassen vart truleg rydda i 1760-åra, av Lars Pederson Kobbervik (ca.1716-1776). Han var fødd i Nonsvika på Skodje, og gifta seg 1740 med Marithe Olsdotter Syltevik (1712-1781). Dei kom til Furholmen i Eikenosvågen 1740, og dreiv husmannsplassen der til 1763. I 1762 pantsette Lars stova, løa, fjøset, færingnaustet, færingen og fiskevegna, mot eit lån på 75 riksdaler. Like etter flytte dei frå garden, og rydda i staden «Hatlehol Ytre» under Eikenosøygarden. Dei fekk følgande attest av presten i 1769: Vankunnige, har få bøker, «øver liden gudsfrygt, forsømmelige med deres børn at holde dem til skolen». Borna som då var 14 og 12 år, kunne ikkje lese. I 1771 vart Lars dømd for tjuveri av 5 klippfiskar frå Mons Doran på Grimmergard. For dette skulle han piskast med 21 slag, betale gjeld og tvigjeld, og «have sit hovedlod forbrudt til Kongen». Det endte med at han måtte gå frå plassen og seie opp buet sitt, med 34 riksdaler i underskot. Lars fekk fortsatt bu der, men i stor armod.
a) Margrete dp.1740 fekk dottera Marthe 1773 med Lars Larsen Fiskerstrand, Styrkaplassen(1). Er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.
b) Peder 1742-1798 1764 g.m. Anne Ingebrigtsd. Aalesund, busett på Furholm til dei flytte til Valderhaugstrand 1766. Budde frå 1770 livet ut i Kipervika.
c) Ole dp.1746 var tvilling. Er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.
d) Birthe d.e. dp.1746 tvilling. Er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.
e) Birte d.y. dp.1747 1795 g.m. Siver Joensen Røssevoll(5) i Pe-garden på Røssevollen. Nemnd i Nørvesundet og husmann på Magdevågneset, Sørnes 1801. Døydde som legdslem på Røssevollen.
f) Martha dp.1749 er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.
g) Lars dp.1752 er ikkje nemnd i arveskiftet 1797.
h) Oline dp.1755 fekk dottera Marthe 1784 med Ingebrigt Rasmussen Valderhaugstrand. Oline busett hos broren i Kipervika. Ho er nemnd i arveskiftet 1797, som gift i Bergen.
Ole Knutson Hanken(6) (1722-1777) tok over plassen 1772. Ole kom frå husmannsplassen «Røysa», under Veibust. Han gifta seg 1749 med Ane Matzdotter Uggedal(1) (dp.1717-1754), og var ved bryllupet nemnd som busett på Reiakvam. Dei dreiv bruket der i nokre år. Han gifta seg for andre gong 1755, med enka på Veibust(Røysa), Siri Andersotter Veibust(Røysa) (1705-1774). Ho vart fødd i Abrahamsgarden, Østrem(3). Han gifta seg for tredje gong 1775, med Aagathe Iverdotter Kvistad(Iva) (ca.1731-1795). Ole var fattig. I 1775 vert det fortalt at han måtte «betle sit brød paa bygden» (tigge). Når han døydde, eigde han berre ei ku og det dekte gjeldspostane så vidt. Enka etter han, Aagathe, vart gift på nytt med neste brukar. Ein veit ikkje av born etter Ole.
Enka Aagathe Iversdotter Kvistad(Iva) (ca.1731-1795) vart gift på nytt i 1779, med Lars Pederson Urke(Y,1) (1745-1813). Når Aagathe døydde 1795, hadde dei ku, kvige, geit og gris. Lars hadde færing og ny stove, men buet var fallitt. Han gifta seg opp att 1796 med Anne Christiansdotter Spjelkaviknes(3) (dp.1757-1825). Dei vart buande på plassen til Lars døydde i 1813.
a) Peder Larsen f.ca.1778 er ikkje nemnd i 1801. Det er usikkert om han var dreng, eller sonen til Lars.
b) Ingeborg Karen? dp.1796 er ikkje registrert i 1801, eller nemnd død før 1800. Kan derfor være den samme som søstera Agathe under.
c) Agathe d) Synneve Helena 1796-1861 1831 g.m. Lars Larss. Nore(Ø), fødd Nore Øvre Rolloug. 1799-1865 1827 g.m. Hans Petter Ols. Giskegjerde(8), brukar der.
Sonen Paal-Sivert Jacobsen Eikenosøygard(3) (dp.1780-1822) gifta seg 1807, med Birthe-Olava Paalsdotter Vasstrand(2). (dp.1772-1838). Dei dreiv Framigar, Eikenosøydegard(3), frå 1807 til 1813, før dei flytta videre til Hatlehol Ytre, Hatlehol(3), som tidlegare var utskild frå Eikenosøygarden. Birthe-Olava gifta seg opp att med neste brukar. Ein veit ikkje av born etter dei.
Enka Birthe-Olava Paalsdotter Vasstrand(2). (dp.1772-1838) gifta seg opp att 1824, med Elias Amundson Solevåg(10) (dp.1798-1830), men han fekk ikkje festebrev på plassen før 1827. Elias vart pålagd å bygge ny stove. Eigaren skulle skaffe tømmeret, men døydde før han kom så langt. Den vart derfor bygd av neste husmann.
Lars Martinus Nilsen Emblem(11) (1804-1844), frå Sjursgarden, gifta seg 1832, med Jørgine Elisa Andrea Andersdotter Dragsund (dp.1804-1884), frå Volda. Dei dreiv plassen frå 1830 til 1844. Ho gifta seg opp att med neste brukar.
a) Nicholine Maria f.1827 vart fødd i Sjursgarden, Emblem(11). Fekk sonen Laurits 1870 med «dreng» Mads Knuts. Magerholm på Vigra. Ho var tenar der. Ved konfirmasjonen til dottera 1884 vart ho framleis nemnd som «pige», medan Mads gifta seg til Valbø 1870.
b) Olaus Andreas 1833-1907 1865 g.m. med Severine Bertine Martinusd. Longva, brukar Gamlem(8).
c) Karoline Elisabet 1838-1910 var tvilling. 1867 g.m. Nicolai Severin Peters. Dyb på Vigra. Kanskje busett nær søstera Birgitte på Buholmstranda 1875. Seinare busett på Ysteneset, brukte då etternamnet Slinning.
d) Birgitte Olave Jensine 1838-1894 var tvilling. 1864 g.m. Peter Martinus Nikolai Berents. Rot(1). Han var bryggesjauer/ fisker, busett Buholmstranda 1865-75. 1895 var han verfttømmermann i Ålesund, og gifta seg 1895 på nytt med svigerinna Helene Kristiane Jakobsd. Hatlehol, som var enke etter Lars Johan Hatlehol på Ysteneset. I 1910 dreiv dei kolonialforretning saman.
Enka Jørgine Elisa Andrea Andersdotter Dragsund (dp.1804-1884), frå Volda, gifta seg opp att 1845 med Willem Andreas Hanson Ytterland(3) (1818-1898). Det gjekk ikkje så bra med dei. Willem måtte seie frå seg plassen mot kår allereie i 1850, kun 32 år gamal. Han budde på plassen til Jørgine døydde 1884. I 1875 vart ho nemnd som buande hos dottera på Buholmstranda, og forsørga av Willem, men hjalp truleg til med pass av barnebarnet, Jørgen, som vart fødd det året. Jørgine si søster var gift med Ingebrigt Carolus Britanus Emblem(8) frå Ebbegarden. Dei budde i Ålesund, der Ingebrigt var gullsmed. Willem gifta seg opp att 1887, med enka (Anne) Caroline Larsdotter Hatlemark (1838-1907) på Elvemyr, Nedregotten(4), og flytte dit. Ho var opphaveleg frå Tusvik(2) i Sykkylven.
a) Lars Johan f.1845 1875 g.m. Helene Kristine Jakobsd. Valderhaugstrand, busett Ålesund. Han var sjømann, og dei flytta til Ålesund 1875. Ho var enke 1885, busett hos lillesøstra til ektemannen. Helene gifta seg opp att 1895 med svogeren Peter Martinus Nikolai Berents. Rot(1). enkemann etter Birgitte Olave Jensine 1838-1894 (born D ovanfor).
b) Hanna Karoline 1848-1912 1874 g.m. Peder Andreas Peders. Nødvig, Volda, busett i Ålesund. Ho hadde vore bestyrar for farens hushaldning i 1865. Dei busette seg på Ystenes, Buholmstranda 1874. Han var skipstømmermann på verft 1875.
Rasmus Olson Søvikhaug (dp.1816-1873), Øvre-Søvik(3) tok over bruket 1850. Han gifta seg 1851 med (Ingeborg) Marie Andersdotter Emblemsvåg(5) (1828-1881), frå Antonesgarden. Dei hadde 1868 11 mål dyrka mark, 33 mål natureng, avla 1 1/2 tønne bygg, 12 tønner havre og 10 tønner med potet. Dei tørka 18 skippund tørrhøy. Der var dette året 4 kyr og to sauer på bruket. Garden hadde torvmyr, med løe, på sletta ved sydøstre hjørnet av garden, der gravstaden på Hatlehol ligg no.
a) Karoline Agnete 1851-1851 vart heimedøypt. Døydde 17 veker gamal.
b) Carl Olaus 1852-1916 g.m. Ingeborg Vaage frå Gudbrandsdalen. Han var tannlege i Kristiania, og registrert der både 1885 og 1910. Busett Oslo.
c) Rasmus Andreas 1858-1895 tok over bruket.
d) Sivert Johan Henning 1859-1860 døydde 8 månader gamal.
e) Severine Elene 1863-1866 døydde om lag 3 år gamal.
Sonen Rasmus Andreas Rasmusson Hatlehol(2) (1858-1895) tok over etter foreldra sine i 1882. Han fekk skøyte på halve bruket, og bygsla resten. Rasmus gifta seg med Anne Eline Gundersdotter Grebstad(8) (1865-1955) frå Sykkylven. Ho var søster til Tomasine Jensine Gundersdotter Grebstad(8), som vart gift 1879 på Oppigar, Hesseberg(2). Rasmus vart berre 37 år gamal. I ein lang periode måtte Anne greie seg på eiga hand med to små born. Den yngste var berre eit år. I 1910 budde guten Olav Nilsen på bruket hos dei. Han var «fattigunderstøttet», og kanskje til litt hjelp. Dottera, «Kalla», passa Anne på sine eldre dager.
a) Rasmus Martin 1891-1957 tok over bruket.
b) Karoline «Kalla» Gyda Antonette 1894-1992 var ugift. Brukte namnet «Kalla», busett ved tunet. Arbeidde på sjukehuset og vevde tepper. Tok seg av mor si.
Sonen Rasmus Martinus Rasmusson Hatlehol(2) (1891-1957) fekk skøyte på halve bruket 1917. Han hadde vore i Amerika, som dei fleste andre ungdommane i bygda. I 1910 var han registrert som emigrant, uten billett, med «Hvide» på veg til Nord Dakota, og er registrert fleire gongar på veg til Canada og USA utover 1930- og 1940-talet. Han dreiv visst mest med kveitefiske på stillehavskysten, som Fredrik Østrem(1) frå Mattisgarden på Østrem. Ved eit tidleg besøk heime, hadde han spart opp pengar til bygging av ny løe, men det vart noko problematisk. Lastebilane som leverte trelasten frå Rødseth i Spjelkavik, stod som oftast fast på «jordvegen» sør for riksvegen mot Magerholm. Gamleløa stod der 1023 Ole Stokke bygde huset sitt seinare. Resten av garden på Hatlehol fekk han skøyte på frå mor si i 1930. Rasmus vart dermed den første sjølveigaren på bruket. Han døydde i Vancouver hausten 1957. Ein kan ikkje finne opplysningar om Rasmus gifta seg, ut frå reisedokumenta.
Ole Nilson Stokke(2) (1896-1967), frå Oaldsbygda, fekk skøyte på bruket i 1947, for 14000 kroner, inkludert redskap og dyra. Han gifta seg 1932 med Oleif Henny Flisnes(3) (1907-1994) og dreiv garden til han døydde i 1967. 1959 delte han frå ein parsell til Hatlehol skule, og hadde tidlegare leigd ut grunn til brønnen og vassleidninga til gamleskulen i Eikenosvågen.
a) Anna f.1932 1950 g.m. Håkon Jarle Ekornåsvåg. Han arbeidde bla. sammen med svogeren, Nils, hos «Fix konfeksjon», busett i Eikenosvågen.
b) Nils 1936-2011 tok over bruket.
c) Henny f.1939 1961 g.m. Sigurd Oscar Dahle, busett Hatlehol.
d) Oddny f.1944 1966 g.m. Arvid Johan Larsen. Dei har i mange år dreve «Arvids Blomster» i Ålesund. Busett Hatlehol.
e) Randi Halse f.1946 1971 g.m. Per Jarle Halse, busett Hatlehol.
Sonen Nils O. Stokke, Hatlehol(2) (1936-2011) fekk skøyte på bruket frå foreldra sine i 1967, for 20 000 kroner mot burett på livstid. Han gifta seg 1955 med Bjørg Consuela Øverland (f.1933). I hans tid vart drifta lagt ned og garden parsellert ut i tomter til byggefelt. Bruksnummer 2 vart 2012 overført til Bjørg, som framleis er grunneigar. Eigedommen består i dag av ein bustad på Hatlehol, og nokre skogsteigar. Resten er delt frå til søsken, eller seld ut til byggefelt.
a) Ole-Bjørn f.1956 2011 g.m. Gerd Anita, busett Blindheim.
b) Per Cato f.1959 1984 g.m. Torild. Han er dagleg leiar Møbelringen, Blindheim, busett Spjelkavik.
c) Frode f.1961 2005 g.m. Anne Cecilie Ristvedt frå Kongsberg, busett Oslo.


